Heidrafest Hero Logo
Velkommen til Heidrafest 2026!

Velkommen til Heidrafest 2026!

23. september 2026

Velkommen til Heidrafest 2026!

Me gleder oss stort til å opne dørene og ta imot dykk alle saman til årets festival.

Billettane er nå lagt ut i eiga lenkje.

I år har me nokre skikkeleg flotte nyheiter å dele:

Fire scener: Me utvidar til heile fire scener i år. Dette gjer at me får betre plass, betre flyt og meir luft i programmet slik at du kan nyte dei 30 flotte opplevingane utan stress.

Singer/songwriter-scene: Me prøver oss i år med ei heilt eiga, lita intim scene. Her kan du oppleve nære og stemningsfulle musikkaugneblikk.

Verge- og ledsagarordning: Endeleg har me fått på plass ei eiga vergeordning for dei under 18! I tillegg har me sjølvsagt ledsagarordning for personar med nedsett funksjonsevne. Heidrafest skal vere for alle.

Laurdag frå kl. 13:00 – Heidrafest UNG og musikkmesse Laurdag inviterar me på nytt til Heidrafest UNG! Dette er eit gratis arrangementstilbod med konserter for og med ungdom under 18 år.

Samtidig riggar me til ei spennande musikkmesse med både brukt og nytt musikkrelatert utstyr. Har du noko du ynskjer å selje på messa? Ta kontakt med Knut Oppheim (telefon: 91583210) for å avtale plass.

Me ser fram til nokre uforgløymelege dagar fylte med god musikk og fantastisk stemning. Hjarteleg velkommen!

Takk til våre sponsorar

Støttespelarar